,,

,,

Eg har alltid hatt ei stor interesse for god mat og drikke og har hatt brygging av øl som hobby i over 15 år. Har hatt ein liten draum om å starta mitt eige bryggeri. Og når moglegheita bydde seg, så heiv eg meg på den. I Kvinnherad er det lange tradisjonar for ølbrygging, og i mange år har her vore fleire dyktige bryggjarar som har medverka til stor etterspurnad etter lokalbrygga øl med høg kvalitet.


Vaage bryggeri er i dag det einaste bryggeriet i Kvinnherad og vi produserer lokalt øl med høg kvalitet. Målet vårt er å laga eit best mogleg lokalt handverksøl og skapa auka interesse for mikroøl. Eit slikt øl kan ha uttruleg ulike smakar og det er endelaust med ulike kombinasjonar. Ølet er ikkje pasteurisert og er ettergjæra på flaske. 

DRAUMEN

Gaute Vaage, gründer og bryggerimeister 

e-post

telefon

sosial

  • Facebook
  • Instagram

Vågsvegen 68, Sunde, Hordaland, Norway

Opningstider: 9:00 - 20:00 

Org nr.: ​999 582 060